Hopp til innhold

- Bergensbudsjettet er ulovleg

Fylkesmann Lars Sponheim har vedtatt at budsjettet til Bergen kommune er ulovleg.

Video Bergensbudsjettet er ulovleg

Budsjettet til Bergen kommune for i år og langtidsbudsjettet for perioden 2011 til 2014 er ulovleg.

Det slår Fylkesmannen i Hordaland fast i dag.

Årsaka er at kommunen har ført ekstraordinært utbytte frå BKK som inntekt i driftsbudsjettet i staden for investering.

Budsjettet sendt i retur

Opposisjonen i Bystyret i Bergen meinte dette blei gjort for å skjula underskot og bad derfor Fylkesmannen kontrollera om det var lovleg.

- I tett samarbeid med Kommunaldepartementet har me i dag gjort eit vedtak som slår fast at Bergen kommune har eit ulovleg budsjett for 2011, seier Sponheim til NRK.

Fylkesmannen har no oppheva budsjettet med heimel i Kommunelova og sender det i retur til Bergen kommune.

Endeleg vedtak

Han krev at Bergen kommune snarast utarbeider eit nytt budsjett.

- Dei har gjort dette tre år, og me har åtvara dei mot dette kvart einaste år. Dette er inga overrasking, og eg reknar derfor med at dei første arbeidstime i morgon skaffar seg eit budsjett som er lovleg, seier fylkesmann Lars Sponheim.

Det er inga enkel oppgåve kommunen no får, for det er over 200 millionar som må bli flytta i budsjettet. Opposisjonen krev at byrådet forklarar korleis dei skal klara dette.

- Slik eg oppfattar det, har Byrådet prøvd seg på eit triks. No er saka endeleg avklart, og me må finna ut kvar dei har tenkt å kutta for å dekka inn den manglande eigedomsskatten, seier gruppeleiar Oddny Miljeteig (SV) til BA.

- Fatta på feil grunnlag

Liv Røssland

Finansbyråd i Bergen, Liv Røssland

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Finansbyråd Liv Røssland reagerer på at ho får vita om vedtaket gjennom media.

- Det overraskar meg forsåvidt ikkje når det er Sponheim, seier Røssland til NRK.

Ho er sterkt ueinig i at budsjettet går imot lova.

- Dette må og skal omgjerast. Me meiner Fylkesmannen har fatta vedtaket på heilt feil grunnlag. Me har henta inn ekspertise hos juristar og økonomar, og me finn ingen som er einige med Sponheim, hevdar finansbyråden.

I fylgje fylkesmannen er det umogeleg å gjera om vedtaket.

- Bergen kommune har eit ulovleg budsjett, og dei driv ulovleg. Det kan ikkje påklagast. Vedtaket er endeleg, og det er punktum i saka, seier Sponheim.

Fredag klokka 11 held byrådet pressekonferanse. Her vil dei grunngje kvifor dei meiner vedtaket er feil.