Hopp til innhold

- Årets dårlegaste spøk

Både politi og brannvesen er lite imponert over spøkefuglane ved studentheimen på Fantoft. Totalt fem gonger har brannalarmen blitt utløyst ved at nokon har trykka på meldaren med vilje, utan at det er snakk om brann i bygget. – Det må vera årets dårlegaste spøk, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord. Ein har førebels ikkje klart å finna ut kven som står bak spøken.