Hopp til innhold

Vogntog av vegen i Skjåk

Eit vogntog køyrde av vegen på riksveg 15 i Nordberg i Skjåk ved 10-tida i dag.

Lastebil veltet i Sjåk

Slik så det ut da vogntoget velta i dag.

Foto: Kai Rune Melby / NRK

Vogntoget skal ha velta etter at eit hjul kom utanfor asfaltkanten, opplyser politiet.

Føraren av det norskregistrerte vogntoget kom ikkje fysisk til skade.

Det blir bilberging på staden når bergingsbilen er på plass litt seinare. Vegen kan da bli heilt eller delvis stengt ein periode.