NRK Meny
Normal

– Velkommen til Einawood

EINA (NRK): Eina på Toten skal bli det nye Hollywood. I allefall om det går slik kunstnaren Ella Fiskum drøymer om.

Einawood

SNORKLIPPING: I dag var det høgtideleg snorklipping av det svært tydelege teiknet på at Eina vil bli som Hollywood. Ella Fiskum stod for opninga saman med kurator Yolanda M. Guadarrama frå Mexico City (t.v) og den franske medarbeidaren Madeleine Wood (t.h).

Foto: arne sørenes / nrk

– Fyrst kom Hollywood, og så kom Bollywood. Og no skal vi lage Einawood her på Eina.

Ella Fiskum er kunstnarisk leiar for filmfestivalen R.I.F.F. Ho fortel om idèen som dukka opp under den første internasjonale filmfestivalen på Eina i fjor:

– Då hadde vi besøk av ein filmskapar frå Los Angeles som sa at sidan ho jobba i Hollywood, og ektemannen min har jobba i Bollywood, så burde vi lage Einawood her!

Ella Fiskum ler når ho tenkjer tilbake på det som først berre var ein halvsprø tanke.

– Men så rulla idèen vidare. Vi fann den rette plassen der det kunne stå, og nabobonden sa ja til at vi kunne setje opp skiltet midt i åkeren hans.

Og no står det der, midt i kornåkeren ovanfor Riksveg 4 ved Einafjorden; skiltet som med klare ord viser at totenbygda Eina har fått filmambisjonar. I dag var det høgtideleg snorklipping då Fiskum kutta den raude snora rundt dei åtte bokstavane; «EINAWOOD».

Einawood

IKKJE HOLLYWOOD, MEN...: Eina har fått sitt eige landemerke i ein kornåker på austsida av Einafjorden.

Foto: arne sørenes / nrk

Dansesenter og filmfestival

Ella Fiskum og ektemannen Sudesh Adhana kjøpte gardsbruket på Eina i 2012. Jorda forpakta dei bort til naboen, og sidan har dei to erfarne dansarane og koreografane utvikla staden til å bli ein internasjonal residensstad for kunstnarar, med særleg fokus på røyrsle og dans. Kunstnarar frå heile verda kjem til garden og jobbar der eit par vekers tid, som oftast i slutten av ein kreativ fase.

– Vi byrjar å bli eit kunstsenter her, og i fjor arrangerte vi altså filmfestival for fyrste gong.

Fiskum fortel at dei i år fekk inn 290 filmbidrag frå heile verda til festivalen som blir arrangert siste helga i juli. Ho lovar visning av kortfilmar, spelefilmar, dokumentarar og ikkje minst dansefilmar i ulike små og store visningsrom rundt omkring på garden. I tillegg blir det Drive-In kino på nattestid.

Einawood

KUNSTNAREN OG KÅRKALLEN: Olav Kleiven er kårkall på nabogarden til Ella Fiskum. Han synest det er strålande med eit stort skilt midt i kornåkeren.

Foto: arne sørenes / nrke

Godt naboskap

Olav Kleiven er kårkall på nabogarden til Ella Fiskum. Då ho spurde om lov til å setje opp skiltet i midt i åkeren, var han ikkje i tvil:

– Det er heilt ålreit at det skjer litt utanom det vanlege her, så det synes vi er fint.

Han fortel at det har skjedd litt av kvart etter at Ella og mannen kom, men det synest naboane er kjempemessig. No gler han seg til filmfestivalen, og legg til:

– Om plassen her blir kjend som «Einawood» for framtida, så gjer ikkje det noko heller. Det er berre moro, det!

Og det er nettopp det som er draumen til Ella Fiskum. At Einawood skal bli like kjend som Hollywood.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Ny spiller til Storhamar

    Storhamar ishockey har mandag signert 24 år gamle Phil Marinaccio fra Canada. Det skriver klubben på sine nettsider. Trener Fredrik Söderström sier at kanadieren er en ung, ambisiøs spiller med et interessant potensiale. Storhamar topper eliteserien etter at det er spilt 13 kamper.

    Storhamar
    Foto: TV 2
  • Utforkjøring i Garmo

    En personbil kjørte utfor vegen i Garmo ved 11.45-tida i formiddag. Ifølge politiet var det en person i bilen. Vedkommende skal ha smerter i en fot. Nødetatene er på veg til stedet.

  • Store mengder overgrepsbilder

    I dag startet rettssaken mot en mann fra Vest-Oppland som er tiltalt for gjentatte overgrep mot barn, blant annet et familiemedlem. Hun skal ha vært tre år da overgrepene startet. Mannen skal ha hatt over 500 000 bilder av overgrep mot barn.