Hopp til innhold

Vegbygger dømt til å betale millioner til vegvesenet

Entreprenøren Åge Haverstad AS tapte rettssaka mot Statens vegvesen og må betale motparten millionbeløp i sakskostnader. Nå vil entreprenøren anke.

Åge Haverstad AS i Gjøvik tingrett

Fredag kom ein samrøystes dom frå Gjøvik tingrett som gjev Statens vegvesen fullt medhald, og Haverstad vart dømt til å betale motpartens sakskostnader på 2,6 millionar.

Foto: Jorun Vang / NRK

15. oktober 2014 fekk entreprenøren Åge Haverstad AS jobben med utbetring av fylkesveg 33 i Østre Toten kommune. Men snautt eitt år seinare oppheva byggherren kontrakten.

Det var Oppland fylkeskommune som var formell motpart til entreprenøren, og fylkesordførar Even Aleksander Hagen er glad for å ha fått medhald.

– Vi er nøgd med utfallet, men dette er ein vond sak uansett, seier Hagen.

Anne Britt Moen og Even Aleksander Hagen åpner fylkesveg 33

Fylkesordførar Even Aleksander Hagen opnar fylkesveg 33 i Totenvika.

Foto: Jorun Vang / NRK

Heving av kontrakten

Anleggsarbeidet starta 17. november 2014, og skulle vera ferdig 12. oktober 2016. Men Haverstad fekk aldri ferdigstilt vegprosjektet.

Kort tid etter byggestart meinte Haverstad at grunnforholda var dårlegare enn det som gjekk fram av anbodspapira. Etter mykje kontakt mellom partane, enda det med at Statens vegvesen heva kontrakten 2. juli 2015

Haverstad meinte hevinga av kontrakten var urettmessig, og stemna Statens vegvesen for retten.

Fredag kom ein samrøystes dom frå Gjøvik tingrett som gav Statens vegvesen medhald, og Haverstad vart dømt til å betale motpartens sakskostnader på 2,6 millionar kroner.

– Saka vil bli anka, utover det har eg ingen kommentar, seier Jon Korstad, dagleg leiar i entreprenørbedrifta Åge Haverstad AS.

Usemje om grunnforhold

Haverstad AS hevda at problema som oppstod rundt grunnforholda ikkje var kommunisert i konkurransegrunnlaget, og han meiner å kunne dokumentere det med bilde, film og vitneforklaringar at grøftebotnen ikkje var stabil nok.

Retten har også funne klare manglar ved anbodsgrunnlaget. Men dei meiner at entreprenøren kunne føresett graving under vann ut frå dei topografiske forholda, heiter det i dommen.

Nedtrapping eller drift

Retten skulle ta stilling til om Statens vegvesen hadde lov til å heve kontrakten med entreprenøren. For at dei skal kunne gjera det, må dei bevise at entreprenøren ikkje har oppfylt sine kontraktplikter.

Eit sentralt spørsmål for retten var om entreprenør Haverstad AS hadde innstilt arbeidet før kontrakten vart heva.

Vitneforklaringar frå dei to partane hadde svært ulike oppfatningar av kor aktiv drift det var rundt hevingstidspunktet.

Entreprenøren hevdar at det ikkje var nokon urettmessig stans i arbeida, og seier det var 24 mann på jobb på hevingsdatoen.

Byggherren Statens vegvesen meiner at Haverstad stoppa arbeidet både på enkeltprosjekt, og seinare på heile anlegget. Statens vegvesen hevdar heving av kontrakt var naudsynt for å få prosjektet realisert.

Retten meiner det er bevist at det var liten aktivitet på hevingstidspunktet, og at arbeidet gradvis vart trappa ned etter at Statens vegvesen fyrst kunngjorde at byggherren vurderte heving.

Retten festar altså ikkje lit til Haverstad si forklaring om at nedtrapping skuldast ferieavvikling,