Norsk spelstudio vann pris under «spelbransjens Oscar»

På ei storstilt i utdeling i Los Angeles, vann det norske spelselskapet Polyblock Studio prisen for beste spel utvikla av studentar. – Surrealistisk, seier prisvinnarane.

Combat 2018 vant pris

PRISVINNARAR: Thomas Nilsen (midten) og Martin Lien (t.h) tok imot prisen for beste studentutvikla spel under Game Awards 2018. Foto: Game Awards

Våren 2018 studerte Martin Lien(23), Thomas Nilsen(27), Tom-Espen Andersen(37) og Aurora Hinz(23) ved Høgskolen i Innlandet.

Bacheloroppgåva deira var rett og slett å lage eit spel. I natt vann dei pris under «spelbransjens svar på Oscar» i Los Angeles for dette spelet som kallast «Tanknarok»

– Det betyr veldig mykje. Det er litt surrealistisk, seier Martin Lien til NRK.

Thomas Nilsen (t.v) og Martin Lien(t.v)

PRISVINNARAR: Thomas Nilsen(t.v) og Martin Lien(t.h) etter prisutdelinga framfor Microsoft Theater.

Foto: Privat

Når NRK ringjer prisvinnarane er dei på etterfest for utdelinga i Los Angeles.

– Dette var kjempestort, men vi hadde faktisk ein veldig god følelse vi drog hit for vi følte vi stilte ganske sterkt i denne kategorien, seier Thomas Nilsen.

– Vi hadde kanskje eit meir ferdig spel enn dei andre.

I kategorien «Best Student Game» konkurrerte dei mot fire andre spel, utvikla blant anna i Spania, Frankrike og ved universitetet MIT i USA.

«Tanksspel»

«Tanknarok» er ikkje ferdig heilt enda, men dei håpar å kunne lansere spelet på PC i august 2019.

Tanknarok

TANKS: Spelet går ut på at slik tanksar konkurrerer mot kvarandre. Foto: Polyblock Studio.

Foto: Polyblock Studio

– No står att det mest å få til ein skikkeleg online-plattform. Det er der den største jobben ligg no, seier Nilsen.

Spelet går ut på at fire spelarar konkurrerer mot kvarandre, og styrer kvar sin tanks på ulike baner. Målet er å slå ut dei andre spelarane. Vinnaren av kvar runde får eitt poeng, og det er den fyrste til fem poeng som stikk av med sigeren.

Under Game Awards blir det delt ut 30 prisar til prisvinnarar frå heile verda, og mange spelutgjevarar er til stades. Det fekk Polyblock merke ganske raskt.

– Det er mange som gratulerer, og det er ein del utgjevarar som kjem og tek kontakt. Men det er slik vi ikkje har tenkt så mykje på akkurat, så vi veit ikkje heilt kva vi skal seie til dei.

– Men dei har lyst til å hjelpe oss å gje ut spelet når den tid kjem, seier Nilsen.

Sjå korleis spelet funkar her. Combat 2018 var utviklingsnamnet på spelet.

Takk til Høgskolen i Innlandet

Alle dei fire i Polyblock Studio studerte ved Høgskolen i Innlandet inntil våren 2018. Frå scena under prisutdelinga gav dei ein spesiell takk til skolen.

– Vi vil rette ein spesiell takk til vår rettleiar Håvard Vibeto, sa Nilsen på sendinga som blir sett av millionar.

Vibeto er førsteamanuensis ved Høgskolen i Innlandet. Han vart litt overraska over at Polyblock stakk av med prisen.

– Eg må ærleg innrømme at eg tenkte at det å bli nominert var veldig stort, men at dei skulle vinne også. No er eg veldig imponert og stolt av dei, seier Håvard Vibeto.

Han samanliknar Game Awards med Oscarutdelinga for film.

– The Game Awards blir sett på som «spelbransjens Oscar», og det er veldig mange som prøver å bli nominert fra heile verda.

Combat_2018 vant pris

PRISVINNARAR: Thomas Nilsen (t.v.) og Martin Lien (t.h) tok imot prisen for beste studentutvikla spel under Game Awards 2018. Foto: Game Awards