NRK Meny
Normal

Valdresjenter på vippen

To unge jenter frå Oppland kan avgjere heile valet.

Hanne Maren Blåfjelldal og Stine Renate Håheim

Hanne Maren Blåfjelldal og Stine Renate Håheim var svært spente før like før vallokala stengde.

Foto: Arne Sørenes / NRK

- Det er historisk at to unge jenter frå Valdres kan avgjere kva regjering vi får, seier Arbeiderpartiets fjerdekandidat i Oppland, Stine Renate Håheim.

Ho kjempar ein febrilsk kamp mot Framstegspartiet sin andrekandidat Hanne Maren Blåfjelldal om å ta det siste distriktsmandatet i Oppland.

Alle meiningsmålinger tydar på at det blir rekordjamnt, der resultat i enkeltfylker kan avgjere korleis samansetjing på Stortinget blir. Oppland er eit av dei fylka det er knytt stor spenning til, og kven veit, kanskje er det resultatet i Oppland som kan vippe resultatet i anten borgarleg eller raudgrøn retning.

- Har inga magekjensle

Det var to svært spente damer vi møtte like før vallokala stengde måndag kveld.

- Eg er usikker og har egentleg inga magekjensle. Eg er glad for at valkampen snart er over, slik at eg veit kva som skjer dei neste vekene og dei neste åra, seier Hanne Maren Blåfjelldal.

- Det blir godt å få ei avklaring og ein dom på innsatsen ein har gjort den siste tida, seier Stine Renate Håheim.

Stine Renate Håheim

- Artig viss begge får plass

Sjølv om ingen av dei to vil spå korleis dette kjem til å gå, legg dei ikkje skjul på at det er stas at to unge jenter frå Aurdal kjempar om stortingsplassar, og ikkje minst kan vere med og avgjere heile valet.

- Eg har prøvd å halde valdagen litt på avstand dei siste dagane, men nå er 14. september her. Det er jo artig at det er to unge damer frå Valdres som er med i kampen, seier Håheim.

- For fyrste gong i valkampen er eg enig med Stine Renate, ler Blåfjelldal. Ho understrekar likevel at det også kan skje at begge eller ingen av dei kjem inn. For Høgre sin kandidat, Olemic Thommesen kan snyte dei to for plassen på Løvebakken.

- Det er i allefall på tide at Oppland får litt nasjonal merksemd, og kjem oss litt opp og fram. Kanskje fylket vårt endeleg kjem ordentleg på kartet, og den trenden held fram dei neste fire åra.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Beruset mann bortvist

    En beruset mann ble lørdag ettermiddag bortvist fra Lekeland i Hunndalen. Det melder politiet i Innlandet. Det var de ansatte som reagerte på mannen, og politiet ble varslet.

  • 3000 på ulvedemonstrasjon

    Cirka 3000 personer møtte fram foran Stortinget for å vise sin støtte for ulven og motstand mot regjeringens ulvepolitikk.Tore Hauge fra Rena var blant dem som fikk mest oppmerksomhet. – Både jeg og kona har fått føle på hvordan det er å fronte ulven.

  • Sterk start av Quarcoo

    Sprinter Jonathan Quarcoo fra Elverum fikk en flott start på sesongen, da han i dag vant stevnet Bassen sprint i ettermiddag. Vinnertiden på 60-meteren ble 6.77, ett hundredels sekund bak personlig rekord.