Hopp til innhold

Valdramatikk på AP-årsmøte

Årsmøtet i Oppland Arbeiderparti gjekk mot sin eigen valkomité ved valet på ny nestleiar.

Ragnar Nordgreen frå Lillehammer er valt til ny nestleiar i Oppland Arbeiderparti. Valkomiteen hadde foreslått å vrake han da leiing var til val på årsmøtet i Oppland AP i helga.

 

Øygard trekte seg

Lillehammer AP hadde fremma Nordgreen som motkandidat til Vågå-ordførar Rune Øygard som også var kandidat til nestleiarvervet. Øygard trekte derimot sitt kandidatur, og dermed var det fritt fram for Nordgreen.

- Det hadde vore ein uvanleg dårleg idé å kaste Nordgreen når han ynskjer å fortsette. Det er eit negativt og dårleg forslag og det tener ikkje partiet. Vi bør ta vare på slike kapasiteter i partiet, sa Gerd Kleven fra Lillehammer AP under årsmøtet.

Rindhølen ny leiar

Solveig Rindhølen frå Sel vart valt til ny fylkesleiar. Dermed har Oppland AP for fyrste gong på 20 år fått ei kvinne i sjefsstolen. Rindhølen er utdanna lærar, og har mange år bak seg som aktiv politikar.

Solveig Rindhølen har vore nestleiar i Oppland AUF, vore medlem av Sel kommunestyre og er nå inne i si andre periode på Fylkestinget. Ho har for tida permisjon frå den posisjonen fordi ho jobba med eit fylkeskommunalt prosjekt på Hjerleid videregåande skule.