Dersom den tsjetjenske mora i flyktningfamilien i Kolbu blir sendt attende til Moskva, blir ho arrestert.
Det seier NRK sin Moskva-korrespondent, Arne Egil Tønseth.
Fatima og Dharam Singh.
- Får ikkje hjelp
Tønseth meiner mora ikkje kan vente seg hjelp frå sosialvesenet i Russland, slik norske styresmakter hevdar.
- Det finst heller ikkje noko sosialvesen i Moskva som kan hjelpe kvinna. Det einaste vesenet ho vil koma i kontakt med er fengselsvesenet, seier Tønseth.
Les: Ber statsministeren ta affære
Kan anke
Flyktningfamilien i Kolbu kan framleis anke saka, i håp om å ikkje bli utvist frå Norge.
Advokaten til familien, Lars Braastad, vil søkje fylkesmannen om fri rettshjelp, og meiner det er gode sjansar for å få eit ja.
Moskvakorrespondent Arne Egil Tønseth (NRK).
Familien har ikkje råd til å gå vidare i rettsapparatet, og er derfor heilt avhengig av stønad. Men uansett må familien ut av landet mens ei anke blir handsama.
Familien er utvist og blir splitta fordi ektefellane blir pålagt å reise til kvart sitt land.