Hopp til innhold

Uverdige forhold

Forholda ved Lillehammer sykehjem er uverdige. Det seier kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Magnhild Meltveit Kleppa
Foto: Mariann Bjelle / NRK

Statsråden lovar at både Lillehammer og andre kommunar som slit med eldreomsorga, vil få meir pengar.

Regjeringa har bestemt at det skal koma ei ekstrapakke i månadsskiftet januar/februar. Her vil kommunane få sin del, seier Meltveit Kleppa.

Dusj ein gong om månaden

- Regjeringa er opptatt av å styrke den lokale velferda, seier statsråden. - Målsettinga med ekstrapakka er å kople ledige hender til viktige oppgåver i kommunane.

Nrk Østnytt sette tysdag kveld søkjelyset på forholda ved Lillehammer sykehjem. Der kom det mellom anna fram at det alltid er for få folk på jobb, noko som inneber at bebuarane får dusje berre ein gong i månaden.