Politiet og Arbeidstilsynet er førebels varsame med å trekke konklusjonar om årsaka til at ei førarlaus trakkemaskin kjørte over ein tilsett ved Valdres Alpinsenter måndag.
40 år gamle Hans Egil Nielsen frå Aurdal døydde av skadene han fekk da trakkemaskina byrja rulle av seg sjølv.
Vill ferd
- Vi veit ikkje noko anna enn at føraren gjekk for å starte trakkemaskina, seier dagleg leiar i Ski Norway, Kjell Vidar Myran.
Ulykka skjedde ved 14-tida måndag, da trakkemaskina byrja røre på seg, utan at føraren sat i førarhuset.
Mannen kom under belta på maskina, og vart alvorleg skadd. Ikkje lenge etter døydde han.
Trakkemaskina fortsette den ville ferda i alpinanlegget, og ramponerte, og kjørte over, seks bilar før ho stoppa i ei skråning.
Krisehjelp
Etter ulykka fekk dei tilsette og pårørande krisehjelp frå helsepersonell.
Trakkemaskin med vill ferd i Valdres Alpinanlegg. (Foto: Jan Erik Helleren/NRK)
- Det vart ein svært tung dag, seier Myran. Det var ei tragisk ulykke som er heilt uforståeleg. Vi tenkjer på dei pårørande og dei andre tilsette, legg han til.
Nå håper han undersøkjingane politiet og Arbeidstilsynet foretek vil føre til ei avklaring om kva som skjedde.
Det var svært få vitne til ulykka, men senioringenør Håkon Willerud, ved Arbeidstilsynet for Hedmark og Oppland, opplyser at det er gjort tekniske funn på trakkemaskina.
Det er på det reine at det var ein eldre modell.
- Vi har samla tekniske funn som vi vil granske for å finne ut kva som skjedde, seier Willerud.
Han reknar med at det vil ta nokre dagar før dei kan trekke nokon endeleg konklusjon på om det var menneskeleg eller teknisk svikt som var årsaka til den stygge ulykka.
To dødsulykker på få månadar
Ein person døydde altså i ulykka, men det kunne gått mykje verre dersom trakkemaskina hadde kjørt avgarde på eigahand på ein helgedag med meir folk i alpinanlegget.
- At det skjedde ein måndag kveld kan ha vore med på å avgrense, skadeomfanget, seier politibetent Erling Andersen, ved lensmannskontoret på Fagernes.
Ski Norway eig i alt 5 skiheisanlegg, i følgje nettstaden Hegnar Online. Det er berre eit halvt år sidan sist selskapet vart ramma av ei dødsulykke med trakkemaskin.
Ei 4 år gammal jente omkom da ho vart påkjørt av ei trakkemaskin i Bjorli Skisenter mens ho og familien var på påskeferie.
- Sikkerheita er i fokus kvar einaste dag, seier dagleg leiar i Ski Norway, Kjell Vidar Myran.