Det vart natt til onsdag sett i gang ein leiteaksjon i Vang i Valdres.
Tre personar i 50- og 60-åra vart meldt sakna etter ein tur til Falketind da dei ikkje kom ned frå fjellet som avtalt tysdag kveld.
Det var sett i gang ein redningsaksjon, og ei dame vart henta ned med helikopter klokka 2 natt til onsdag.
Dei to andre turistane vil sjølve gå ned frå fjellet onsdag.