Hopp til innhold

Trafikkulykke på E6 Tangen

Fire bilar er involvert i ei trafikkulykke i nordgåande retning på E6 ved Tangen. Ein bil skal ha køyrt inn i dei andre bakfrå, men årsaka og hendingsforlaupet er enda ikkje kjent. Ein person klagar på smerter i foten, og i alt fire personar er køyrt til legevakt for sjekk. Elles skal det ikkje vera meldt om større personskader. E6 nordgåande vil bli stengt ei tid framover.

Bilulykke Tangen
Foto: Stein S. Eide / NRK