Les også:
Poirée sprakk-Norge nummer tre
Tora Berger gjekk fyrst ut på 2. etappe i
skiskyttarstafetten i Ruhpolding onsdag.
- Det er klart det var artig å gå ut fyrst på 2. etappen. Det har eg aldri prøvd tidlegare, sa Tora Berger til NTB, etter at ho hadde halde det norske laget inne i stafetten på si etappe.
- Eg må få kunne si at eg gjorde ei ganske bra etappe. Det var litt slurv på den liggande skytinga mi, og eg måtte bruke eit ekstraskot i ståande, men eg er like nøgd i dag som eg er med det meste av det eg har gjort i år, sa Berger til NTB.
Håper å få gå VM
Etter fullført etappe veksla ho om lag halvminuttet bak leiande Russland.
Nå håper ho på ein plass på VM-laget.
- Jo, det er klart eg håper å få sjansen til å gå i VM, men
laget skal jo takast ut fyrst, da, sa ho.
Ho la inn ein sterk søknad med innsatsen i Ruhpolding, der ho hadde tredje beste tid på si etappe.
Det norske laget låg i tet store delar av stafetten. Dei leverte rett og slett ein god stafett heilt fram til siste skyting.
Da skaut Liv Grete Skjebreid Poirée seg heilt bort, og måtte gå to strafferunder.
Norge ende på 3. plass etter Russland (nr.1) og Tyskland.
For Norge gjekk også Linda Tjørhom og Gro Marit Istad Kristiansen.