Klaartje & Nicky frå Nederland hausta stor applaus. (Foto: NRK)
Eit svært sprudlande innslag frå Nederland fekk enorm jubel i ein fullsett Håkons hall. Klaartje & Nicky framførte "Hij is een kei", mens dei hoppa seg gjennom heile sangen.
Dei 18 deltakarlanda tok plass i "green room", og følgde kollegaene sine opptrednar. Spente var dei nok, men nervøsiteten hadde absolutt ikkje tatt overhand.
30 millionar tv-sjåarar over heile Europa var vitne til flotte unge artistar. Og alle hadde laga songane sjølve!
Fornøgd @lek
Over 10.000 artistar under 15 år sendte inn bidrag til Melodi Grand Prix i kvar sine land i Europa. Vinnarane var samla på Lillehammer for å kjempe om seieren i Junior Eurovision Song Contest.
Norske @lek, alias Aleksander Moberg, frå Drammen fekk naturleg nok ein gedigen velkomst på Lillehammer. "En stjerne skal jeg bli" vart fulgt av hyl og jubel heile vegen. Og @lek gjorde ein fin innsats som han kan vera godt fornøgd med.
Norske @lek hadde ein fin opptreden i Håkons hall. (Foto: NRK)
- Det var så kuult!, strålte @lek etter opptredenen.
- Eg fekk med meg alle dansestega, gliste han.
Spente
Håkons hall og Lillehammer viste seg frå si beste side laurdag kveld.
Det var ei flott opning med stjernehimmel, nordlys og programleiarane sin entre på snøbrett frå taket.
Undervegs i showet fekk ein møte deltakarane som sat spente og venta i green room.
Enorm jubel vart det også til nokre artistar som ikkje hadde noko med konkurransa å gjera.. Nemleg supergruppa Westlife som gjesta Håkons Hall og Lillehammer under Junior Eurovision Song Contest.