Hopp til innhold

Tok fyr i tømmerbil

Ein tømmerbil fekk i dag problem da det tok fyr i eit bakhjul på tilhengaren på riksveg tre ved Svingen. Føraren fekk kopla frå hengaren og brannvesenet fekk slukka brannen. Det skal ikkje vera trafikale problem på staden.