NRK Meny
Normal

- Lokføraren merka berre eit kort rykk i toget

Havarikommisjonen har i natt jobba med å undersøke ulykkestoget på Skotterud. Det einaste dei vil konkludere med foreløpig er at det heile skjedde svært raskt.

Togavsporing ved Skotterud stasjon

Eit passasjertog med 280 passasjerar spora av ved Skotterud i Hedmark fredag ettermiddag.

Foto: Johannessen, Sara / Scanpix

Det var klokka 17.42 fredag ettermiddag at intercitytoget på veg frå Oslo til Stockholm spora av ved Skotterud stasjon i Eidskog i Hedmark.

I alt 40 av passasjerane fekk skader etter avsporinga, men ingen er alvorleg skadd.

– Lokføraren sa at noko var gale

Ein av passasjerane, svenske Jandi Hallen, har forklart til det svenske nyheitsbyrået TT at lokføraren gav uttrykk for at de var noko gale med toget før det spora av.

– Eg spurde lokføraren om kva som hadde skjedd. Han forklarte at det var ein raslelyd frå hjulhuset medan det var låg fart på ei strekning før ulykkesstaden. Han fekk likevel beskjed om å få toget opp i fart og skrudde opp farta, seier Hallen til VG.

Det var det svenske togselskapet SJ som eig toget som spora av. Dei vil ikkje spekulere i kva som skjedde i forkant av avsporinga.

– Vognene hadde nyleg vorte opprusta og vi ventar på utgreiinga for å få vite kva som har skjedd, seier Tobias Johansson i det svenske togselskapet SJ.

Lokføraren vart seint i går kveld avhøyrt av politiet, men det er foreløpig uklart kva han har forklart om hendinga.

Vil ikkje trekkje nokon konklusjon

Fleire personar frå Havarikommisjonen, Jernbaneverket og politiet undersøkte i går kveld og i natt ulykkestoget, men dei vil ikkje seie mykje om kva dei har funne ut.

– Det heile skjedde svært fort, toget stoppa i løpet av 300-350 meter. Lokføraren merka berre eit kort rykk i toget før den automatiske naudbremsa kom på. Han rakk ikkje å gjere noko, seier havariinspektør Hans Bjørnseth i Havarikommisjonen.

Det har vore vedlikehaldsarbeid på jernbanestrekninga den siste tida, men ifølgje NRK sin reporter på staden har det vorte avvist at avsporinga har noko med dette å gjere.

– Vi kan ikkje konkludere på kva som er årsaka, vi må undersøke meir, seier Hans Bjørnseth.

Video Tog sporet av ved Skotterud

– Kan vere klart måndag

I dag held oppryddingsarbeidet fram, og Jernbaneverket skal klokka 8 i dag ha eit møte der dei skal diskutere det vidare arbeidet.

Men ifølgje kjelder på ulykkesstaden kan det vere håp om at jernbanestrekninga kan opnast att allereie måndag.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND