NRK Meny
Normal

Ein død etter knivstikking på hotell

Ein 54-åring døydde i natt av skadane han fekk då han vart knivstukken på Hornsjø Høyfjellshotell i Øyer.

Drap på Hornsjø høyfjellshotell

STUDENT TRAKK KNIV: Ein 23-årig rumenar er sikta for å ha knivstukke mannen på Hornsjø Høyfjellshotell måndag kveld.

Foto: Sara Myhren Kornberg / NRK

Ein 23 år gamal mann frå Romania som er elev ved Den Reisende Høgskolen er sikta for å ha knivstukke mannen.

Ei norsk kvinne i 50-åra skal ha fått knivskadar i nokre fingrar.

– Vi fekk melding om at fleire personar var skadd i samband med knivstikking på hotellet, seier operasjonsleiar i Gudbrandsdal politidistrikt Knut Vestby.

– Det skal ha oppstått ein krangel som utarta seg og enda tragisk med at ein person er død, seier operasjonsleiar Vestby.

Drap på Hornsjø høyfjellshotell

HORNSJØ HØYFJELLSHOTELL: Den Reisende Høgskole kjøpte Hornsjø Høyfjellshotell ved Lillehammer på midten av 1980-talet.

Foto: Sara Myhren Kornberg

Student ved Den Reisende Høgskole

Sjølv pådrog den sikta mannen seg lettare knivskadar.

Han er elev ved Den Reisende Høgskole, medan den drepne og den skadde er del av personalet ved skulen.

54-åringen vart knivstukken i ryggen og floge med luftambulanse til Lillehammer sjukehus, men døydde i natt av skadane han fekk.

For tida er det cirka 30 personar med tilknyting til skulen på hotellet.

Førast fram for varetektsfengsling

AKM vart varsla om knivstikkinga klokka 23:20. Den mistenkte gjerningsmannen vart pågripen 00:10.

Han blir avhøyrt i løpet av tysdag, og førast fram for varetektsfengsling onsdag 7. mars.

Han er sikta for å ha påført omkomne så store skader at han døydde av dei.

Ideologisk organisasjon

Den Reisende Høgskolen er ein dansk ideologisk organisasjon som utdannar medlemmer for å kjempe mot fattigdom i den tredje verda.

Skulen er svært omstridt og har mellom anna vore skulda for sektverksemd.

Den vart utvida utover 1970-talet og starta hjelpeorganisasjonen Utenlandshjelp frå folk til folk i 1977, som seinare skulle bli skulda for økonomisk rot.

Den Reisende Høgskole kjøpte Hornsjø Høyfjellshotell ved Lillehammer på midten av 1980-talet etter at dei mista tilskot frå staten.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Lillehammer-Stavanger 5-4

    I 22. serierunde har Lillehammer Ishockeyklubb har slått Stavanger Oilers 5-4 på hjemmebane.

    Lillehammer Ishockeyklubb, Stavanger Oilers
    Foto: Stein Schinstad / NRK
  • Thoresen tilbake til Russland

    Ishockeyspiller Patrick Thoresen drar tilbake til Russland for å spille resten av sesongen for sin gamle klubb SKA St. Petersburg. Han har vært tilbake i Storhamar bare et halvt år, men ifølge kontrakten kan han forlate klubben fra 1. desember.

    Patrick Thoresen
    Foto: Morten Stenberg / NRK
  • Vestre Toten savner maskinskatten

    Industrikommunene beklager at budsjettforliket nå fører til at maskinskatten forsvinner. For Vestre Toten kommune innebærer det et årlig inntektstap på nær fem millioner kroner. Men - for Nammo-konsernet betyr det lavere utgifter og nyinvesteringer.

    Flagg og logo for Nammo på Raufoss
    Foto: Arne Sørnes / NRK