Rådhuset i Sel kommune har vore utan både telefon, data og e-post-samband siden torsdag morgon.
Legekontoret i kommunen held til i rådhuset, og folk kjem gjennom til legekontoret på telefon.
- Det er fyrst og fremst eit problem knytt opp til liv og helse, sidan telefonen på legekontoret er knytt opp til rådhuset sitt sentralbord og nett, seier teknisk sjef i Sel, Ola Næprud.
Kan kontakte vaktsentralen
Han tykkjer det er uheldig at publikum ikkje får tak i folk i rådhuset, dersom dei har behov for det. Sidan internettsystemet i kommunen også er nede, får dei heller ikkje lagt ut viktige mobiltelefonnummer på nettet.
Innbyggjarar i Sel kommune kan ringe naudnummer 113, eller dei kan få kontakt med legekontoret i kommunen ved å ringe via vaktsentralen i Lom på telefon nummer 61 21 91 00.
Det har også tidlegare vore fleire tilfelle av kommunikasjonsproblem ved rådhuset.
Næprud veit ikkje kva som er årsaka til problema.