Hopp til innhold

Syr korpsuniformer for harde livet

Snart er det sesong for korpsmusikk langs vegar og gater. Grunnlaget blir lagt på ein fabrikk i Nordre Land.

Travle dagar på Stormark Konfeksjon

Elna Berget har jobba på Dokka konfeksjon i 30 år, og har produsert uniformer til mange håpefulle korpsmusikantar.

Foto: Anne Marie Hvattum / NRK

Stormark Konfeksjon på Dokka er landets største produsent av uniformer. Der går det så det susar om dagen. Dei skal sørgje for at kleda er ferdige til 17. mai.

Bedrifta med 30 tilsette får stadig fleire oppdrag for korpsrørsla. I fjor leverte dei om lag 5000 uniformer til korps i heile landet, opplyser økonomisjef Vegard Haave.

- Vi har funne vår nisje og har spesialisert oss på ein liten marknad i Noreg, med få konkurrentar.

Forsvaret er storkunde

Men det er ikkje berre korpsa som får kleda sine frå Stormark konfeksjon. Forsvaret er den største kunden til Stormark konfeksjonsfabrikk. Finuniformene til alle våpengreiner blir produserte på Dokka.

Bjørn Vollengen og Vegard Haave

Produksjonssjef Bjørn Vollengen og økonomisjef Vegard Haave har travle vårdagar.

Foto: Anne Marie Hvattum / NRK

Tidlegare leverte bedrifta ofte til detaljistar, som så selde kleda vidare. Det gjorde uniformene relativt dyre. Men frå 2002 bestemte Stormark Konfeksjon seg for å ta oppdrag direkte frå korps, noko som fører til at uniformere blir billigare.

Problem

Men Stormark Konfeksjon slit også med sitt. Dei 30 som arbeider der, har nok å gjera, men bedrifta slit med rekrutteringa. Gjennomsnittsalderen blir høgare, og dei ønskjer dei seg derfor fleire unge.

- Fabrikkarbeid er vel ikkje det arbeidet dei unge i dag søkjer seg til.

Det seier ei av sydamene, Elna Berget, som sjølv har arbeidd over tretti år på Stormark.

- Men eg trur nok det kan koma til å forandre seg når det er så ustabilt på arbeidsmarknaden, seier ho.

For dei som arbeider der, er det i alle fall nok å hengje fingrane i, ein drøy månad før 17. mai.