Svanemerket er det offisielle nordiske miljømerket. Dette skal garantere at produkta held høg miljø- og kvalitetsmessig standard.
Miljøvennleg
Formålet med ordninga er at forbrukarar og innkjøparar skal velje dei produkta som har vore miljøvennlege frå start til slutt i produksjonen.
Mellom dei grunnane til at møbelprodusenten fatta interesse for dette, var stor etterspurnad etter innredning som var svanemerka.
- No får vi ein god miljødokumentasjon på produkta våre, noko som er bra i høve til miljøbevisste innkjøparar, seier Jorunn Gran, informasjonsrådgjevar i Miljømerking.
- Stort framskritt
Nordre og Søndre Land kommunar eig hovudparten av aksjane i selskapet.
Dei to anser det som eit stort framsteg at ein lokal produsent har arbeida hardt for å nå strenge miljøkrav til heile produksjonen.
- Tildelinga av Svanemerket vil bli grundig markert, lovar kommunane.
I dag kjem og dei to stortingsrepresentantane Olemic Thommessen frå Høgre og Berit Brørby frå Arbeidarpartiet for å kaste glans over markeringa.