Heile 25 prosent av oss angrar på valet av utdanning. Det syner ei undersøkjing frå kommunikasjonsbyrået Visendi.
Men i går starta Høgskolen i Lillehammer opp eit nytt yrkesrettleiarstudium som skal betre på forholda.
(Illustrasjonsfoto)
- Rettleiarane treng kurs
Skal vi tru studentar NRK snakka med på høgskulen i går, så er det på høg tid med opplæring av yrkesrettleiarar.
Jon Grunnan, Anette Ødegård og Sissel Flå studerer økonomi og administrasjon på Høgskolen i Lillehammer. Det stortrivst dei med. Men for Sissel sin del så har det ikkje alltid vore slik. For yrkesrettleiing var aldri noko tema på skulen hennar.
Det enda med at Sissel valde å utdanne seg innan elektro, noko ho angra på.
Dei tre studentane meiner det trengs ei utdanning for rettleiarar ved skulane.
- Stor pågang
Med det kan ungdom som står framfor eit av dei viktigaste vala i livet gå betre tider i møte. I går starta altså Høgskulen i Lillehammer opp det nye deltidsstudiet som skal utdanne skulerådgjevarar og andre som driv med yrkesrettleiing til å bli flinkare til å gjera jobben sin.
Torild Schulstok er prosjektleiar, og ho seier at det er behov for studiet.
- Vi har hatt veldig stor pågang, og i går starta 55 personar på den nye utdanninga i Lillehammer.
(Illustrasjonsfoto)
- Tek ikkje skulda
Kari Skjåk er rådgjevar ved Nord-Gudbrandsdal Vidaregåande skule på Otta. Ho tykkjer jobben er utfordrande, men går ikkje med på at dårlege rådgjevarar er årsaka til at så mange som ein av fire angrar på yrkesvalet sitt.
- Eg trur ikkje rettleiarane er dårlege, men handlar heller om den erfaringa ungdommane har, seier Skjåk.
- Det er vanskeleg å velje og det er vanskeleg å rettleie, men det er iallfall viktig å motiverer til høgare utdanning, meiner Skjåk.