Av:
Tone Merete Tho
Det er strid blant dei lærde om Mjøsfisken kan etast eller ikkje.
Næringsmiddeltilsynet i Lillehammer og Hamar har gitt ulike signal, og dei får kritikk frå Norsk Institutt for Naturforskning, NINA.
Børre Dervo er forskar ved NINA i Lillehammer, og han meiner myndigheitene gir dårleg og motstridande informasjon om mjøsfisken.
Han trur at det er dårleg arbeid som ligg bak, og påpeikar at myndigheitene har eit ansvar for å gi riktig informasjon.