Mens det regnar kraftig i Nord-Noreg, vakna mange i sør opp til ein usedvanleg fin haustmorgon. Metereologisk konsulent Jan-Inge Hansen ved Metereologisk Institutt i Oslo seier at det fine haustveret vil halde fram også i morgon.
– Ja, finveret ser ut til å halde seg gjennom helga, både i aust og vest.
Nattefrost i aust
Fleire stader, både på aust- og vestlandet, har ein opplevd nattefrost den siste veka. I Oslo, som på store delar av austlandet, måtte mange skrape bilvindauga i dag tidleg. Konsulenten ved Metereologisk institutt seier at denne vertypen vil halde fram i dagane som kjem. Særleg kan ein vente seg nattefrost i indre strok i Hedmark og Oppland.
Lokal skodde
Mange stader kan ein forvente seg lokal skodde, særleg i innladet nært ope vatn.
Såkalla strålingskodde oppstår som regel når det er vindstille eller svak vind, fuktig bakke og gjerne skyfritt. Om natta blir varmetapet ved bakken så stort at lufta blir metta med vassdamp, og så blir det skodde. Strålingskodde er mest vanleg om hausten og i innlandet.