Hopp til innhold

Støtte til homofile

Kyrkjemøtet må nå ta ei endeleg avgjerd til fordel for dei homofile. Det seier Hamar-biskop Solveig Fiske. Ho meiner saka har skapt nok støy.

Solveig Fiske.
Foto: NRK / NRK

Torsdag behandlar Kyrkjemøtet i Øyer spørsmålet om homofile som lever i partnarskap, skal få vigsla stillingar i Kyrkja eller ikkje.

- Dette er ei sak som handlar om truverdet til Kyrkja, meiner Åse Grønlien Østmoe frå Åmot.

Må ha vedtak nå

Grønlien Østmo er ein av delegatane frå Hamar bispedømme.

- Vi har levd med to slags praksis i lang tid nå, seier ho. - Får vi ikkje eit vedtak nå, så blir det å gå tilbake til det gamle vedtaket, og det blir umogleg.

Saka handlar altså om kor vidt homofile som lever i partnarskap, skal kunne få vigsla stillingar i Den norske kyrkja. Heilt sidan homofilidebatten begynte å rulle for over 15 år siden, har saka ridd Kyrkja som ei mare, og har splitta kristenfolket.

Medan motstandarane meiner Bibelen talar klart om at sex mellom menneske av same kjønn er synd, så har tilhengjarane vist til nestekjærleiken.

Også biskop i Hamar, Solveig Fiske, mener saken nå må avgjerast. Ho synest denne saka har skap nok støy.

- Det er mange som stiller seg spørjande til at Kyrkja framleis driv på med denne saka, seier ho. - Så nå håper eg vi skal koma til endes med den.