I fjor fekk brannvesenet 49 alarmar frå leilegheiter i Storgata. Dette har fått brannsjefen til å bli uroa for branntryggleiken.
Mange verna sentrumsbygg i landet husar studentar, og etter storbrannen i Storgata har det oppstått ein debatt rundt hybelforbod i verna bygningar. Men fyrst må ein finne ut om det er bebuarane eller hybelen som er mest brannfarleg.
– Set heller fokus på utleigarane, svarar studentane.
Henrik Wangberg er leiar i Lillehammer studentorganisasjon og meiner at det ikkje berre er studentane som er årsaka til dei mange branntilløpa.
– Det vi ofte ser med studentar som leiger privat, er at dei bur i bustader som ikkje er vedlikehalde godt nok, seier Wangberg.
Wangberg seier at brannsjefen heller burde jobbe med å auke branntryggleiken til bustader som blir leigd ut til studentar. I studenthyblane som skulen formidlar er det mellom anna komfyrvakt og andre viktige branntryggingstiltak. Noko som ikkje er regelen i private hyblar.
Brannsjef Knut Birger Bakken seier at dei er i dialog med utleigarane om branntryggleik, og at dei snakkar med bebuarane der det er gjentatte utrykkingar.
Brannfarlege vanar
Anna Karin Hermansen jobbar med brannførebygging i studentbyen Trondheim. Der myldrar det av folk i dei gamle trehusa i sentrum. Ho ser at mange studentar har ein del brannfarlege vanar.
– Ein brukar mykje elektriske produkt, ein ladar dei om natta og har berbare pc-ar i senga.
Men det er ikkje slik at branntilløp berre skuldast studentane, seier Hermansen. Ho vil også ha strengare krav til utleigarane. Ho meiner at dei som eig desse utleigebygga ikkje er nok opptekne av den branntekniske standaren.
– Det er ofte dårleg elektrisk anlegg og dårlege dører mot trapperom som gjer at brannen spreier seg fort, seier Hermansen.
Ho påpeikar at det ikkje berre er studentane som har skulda. Ho ynskjer seg no at dei gardeigarane som skal gjera om ei bygning til hyblar, også skal få krav om oppgradering av branntryggleiken, og at det skal blir fylgd opp betre enn i dag.
Leiaren i Lillehammer studentorganisasjon vil nå bruke debatten som har oppstått til å setja ekstra fokus på branntryggleik.
– Vi har i studentorganisasjonen saman med studentskipnaden registrert fråsegnene til brannsjefen, og vi skal nå arrangere ein brannsikkerheitsdag på høgskolen, for vi ynskjer å setja meir fokus på branntryggleik, seier Wangberg.