Det som skulle vera eit landsdekkjande folkeopprør, har blitt til ein lokal demonstrasjon på Gjøvik.
Størk Hansen, i Folkeopprøret for velferd på Gjøvik, seier det stadig dukkar opp nye aksjonar i kommune-Norge, og at det tek tid å jobbe for at dei skal bli landsomfattande.
Størk Hansen (Foto: NRK)
Ikkje heilt som planlagt
Det gjekk ikkje heilt etter planen med det grasrotopprøret som vart lansert for om lag ein månad sidan.
Den gongen var målet at ein landsdekkjande aksjonsdag skulle få politikarane til å vakne, sa Ben Borgen.
- Målet er å setje velferden i fokus i Stortinget, og vise at dei må ta affære, sa Borgen.
Mobiliserer
Nå meiner Størk Hansen at idéen om eit folkeopprør må få lenger tid til å modne.
- Det dukkar opp mange aksjonar, og desse må samkjørast dersom ein skal få til ein stor aksjon, seier Hansen.
- Vi finn oss ikkje i at sentrale politikarar skal tre alt nedover hovuda på oss, legg han til.
Sjølv om det i denne omgang kun vart ein aksjon på Gjøvik, mobiliserer folk breitt til demonstrasjonen. Fleire organisasjonar, som slåss for grender og skular er med. Unge og eldre har det same slagordet:
- Styrk kommuneøkonomien! La velferden blomstre i by og land!