Hopp til innhold

Stal blomane av britiske krigsgraver

35 britiske krigsgraver har vorte robba på ei gravlund i Lillehammer. Frekke tjuvar har stole 70 gravplanter, berre ei lita staude var att.

Jens Barlund

Anleggsgartnar Jens Barlund gjer klart for at nye staudar kan plantast.

Foto: Reidar Kjæstad / NRK

– Denne vesle her er den einaste som er att, den har dei tydelegvis ikkje sett. Nå får vi stelle med den som best vi kan.

Anleggsgartnar Jens Barlund oppdaga i dag tidleg at alle staudane som vart planta på dei britiske krigsgravene i fjor vår har vorte stole. Han har ansvaret for stellet på vegner av kyrkjeverja, og tykkjer tjuveriet er usedvanleg frekt.

– Ein ser at dei har brukt spade og fjerna dei. Dette er ikkje noko vanleg hærverk.

– Planlagt

Ifølgje gd.no har staudane ein verdi på mellom 15- og 20.000 kroner.

– Det er ikkje så viktig at det kostar oss mykje pengar, men at nokon kan få seg til å gjere hærverk på ein kyrkjegard. Det er heilt uforståeleg og skammeleg, eg har nesten ikkje ord, seier kyrkjeverje Magnar Pettersen i Lillehammer.

Staude

Denne vesle spira er den einaste som er att.

Foto: Reidar Kjæstad / NRK

Tjuveriet har skjedd i løpet av seinhausten, og Pettersen meiner det ber preg av å vere planlagt.

– 70 staudar er ikkje noko ein tek med seg i ein rema-pose. Dei må ha planlagt dette, dei har tydelegvis hatt med seg både spade og bil, seier han til NRK.

Politiet ber om hjelp

Saka er meldt til politiet, og politibetjent Espen Eide seier til gd.no at dei håpar på hjelp frå folk som kan ha sett noko.

– Dette er ikkje akkurat kvardagskost. Det er eit meiningslaust skadeverk.

Kyrkjeverje Magnar Pettersen fortel at dei allereie har bestilt nye staudar til dei britiske krigsgravene.

– Så da får vi håpe at politiet finn ut kven som har gjort det, og at dei nye blomane får stå i fred.

Krigskirkegård Lillehammer

Dei britiske gravene frå andre verdskrig står utan blomar etter at frekke tjuvar har vore på staden.

Foto: Reidar Kjæstad / NRK