Maria Isabel frå Spania gjekk heilt til topps i Junior Eurovision Song Contest, JESC, på Lillehammer.
9 år gamle Maria Isabel framførte sangen "Antes muerta que sencilla" til stor jubel frå publikum.
Imponerte
Det var eit forrykande show den spanske senjoritaen leverte i Håkons Hall.
Godt innøvd dans og flott sang imponerte tv-sjåarar over heile Europa.
Det var svært mange av dei omlag 30 millionane som følgde det direktesendte showet som stemte på Maria Isabel. Ho fekk full poengpott frå mange av folkejuryane.
@lek (Foto: NRK)
Nedtur for @lek
Fullt så bra gjekk det ikkje med det norske håpet; @lek.
Berre den svenske og den danske folkejuryen ga poeng til 15-åringen frå Drammen.
Det resulterte i 12 poeng, og 13. plass.
Men Aleksander Moberg frå Drammen kan vera godt nøgd med innsatsen likevel. 15-åringen framførte "En stjerne skal jeg bli" på ein framifrå måte, til enorm jubel og applaus frå over 7.000 publikummarar i Håkons hall.
- Det var så kuult å opptre her!, sa @lek etter at han hadde sunge for ein fullsett hall.
Vinnarlandet Spania fekk 171 poeng. Storbritannia vart nummer to i Junior Eurovision Song Contest med 140 poeng, mens Kroatia kom på tredjeplass med 126 poeng.