Slik ser verdas fyrste skibinding utan skruer ut.(Foto: Torvild Sveen/NRK)
Utstyrskrig kan ramme Lars Berger
Gunnar Bjertnæs syner stolt fram oppfinninga si.(Foto: Torvild Sveen/NRK)
Skifabrikken Madshus på Biri lanserte tysdag ettermiddag ei verdsnyheit på skimarknaden.
For fyrste gong i historia kan ein få ski utan skruer. Ei heilt ny binding sit nemleg fast i sålen på skia, og det gjer at ein slepp å feste bindinga med skruer.
- Den nye bindinga vår gjer at langrennsløparen får ei stødigare ski å gå på. Ein får betre kontroll over skiene, og betre kontakt mellom binding og ski, seier oppfinnar og teknisk sjef på Madhus, Gunnar Bjertnæs.
Bjørndalen har prøvd ut bindinga
Skifabrikken har brukt fire år på å utvikle den nye bindinga. Det har skjedd i samarbeid med alpinskiprodusenten Rossignol og bindingsprodusenten Rottefella.
Gunnar Bjertnæs trur oppfinninga vil føre til mykje betre sal for Madshus.
Den nye bindinga er patentert og beskytta.
Blant dei som allereie har prøvd bindinga er skiskytaren Ole Einar Bjørndalen. Han ville ha brukt den nye bindinga tidlegare i vinter, men har ikkje fått lov.
Kan gje konkurransefortrinn
Halvard Hanevold har også prøvd ski med den nye bindinga i jula.
- Ein får ei meir stabil kjensle når ein går på skia. Er dette så bra som det verkar, vil det heilt klart vera eit konkurransefortrinn, meiner Hanevold.
Salssjef på Madshus, Nils Hult, avviser at nyvinninga berre er eit påskot for å selja fleire ski og bindinger.
- Nei, dette er ein revolusjon innan skisporten. Ein får ei lettare ski og betre kontakt med skia. Dette er utvikling, ikkje eit påskot, seier Hult.
Han ser ikkje bort frå at dei nye bindingene kan bli brukt allereie i morgon av dei profesjonelle skiløparane.
Dei tilsette ved Madshus fekk veta om nyheita på eit allmøte i dag.(Foto: Torvild Sveen/NRK)