(Foto:Scanpix)
Fanfaren kjem til å lyde ofte i Lillehammer i tida framover.
Det startar i dag med Norgesmeisterskapet i langrenn. Så går det slag i slag, med NM i hopp og NM for funksjonshemma.
700 påmeldt frå heile landet
Klokka 11 i dag går startskotet for damenes 10 km fri teknikk, halvannan time seinere er det 15 km for menn.
For 60-åringen Søre Ål idrettslag er dette eit kjempeløft.
450 funksjonærar skal ta seg av ca 700 påmeldte frå Vadsø i nord til Kristiansand i sør.
Stor spenning kring herrestafetten
Kremen av dei norske stiller til start. Men også den lokale deltakinga viser breidde. Oppland stiller med 80 påmeldte, Hedmark med 40.
Lokalt knyter det seg stor spenning til 3x10 km stafett søndag. Lillehammer skal forsvare sin knepne seier frå i fjor.
Der avgjorde tåspissen til Tore Ruud Hofstad duellen med Tor Arne Hetland og Byåsen.
Lars Berger favoritt
Det er også fleire andre opplendingar og hedmarkingar som er venta å hevde seg.
Skiskytaren Lars Berger frå Lesja skal prøve å kvalifisere seg til ski-VM på 15-kilometeren i dag. Han er rekna som favoritt til å vinne denne øvinga.
Elverumsguten Jan Egil Andresen, som går for Hamar skiklubb, kan også få VM-billett dersom han går fort nok.
Mange følgjer spent med
- Dette er eit NM der det er knytt ganske stor spenning til kven som vinn dei ulike øvingane, med uttak av Marit Bjørgen i sprint.
Dessutan har NM ein heilt annan dimensjon enn for eksempel langrenn på verdscupnivå, fordi det sit folk rundt omkring i det ganske land og følgjer med på korleis det går med "sine" utøvarar, seier kommentator i NRK, Kjell Kristian Rike.