Ei kvinne omkom og 12 personar vart skadde i ulykka ved Halmrast i Søndre Land 30. august.
Råkjørte
Undersøkjingar synte at dødsbussen kjørte 78 kilometer i timen i 60-sona da bussen kjørte av vegen. Og politiadvokat Joachim Sopp Onsrud i Vestoppland politidistrikt seier til NRK at sjåføren er sikta for å ha kjørt for fort, samt for uaktsom kjøring.
- Vi meiner å ha sterke bevis for at sjåføren kjørte langt over fartsgrensa, seier Sopp Onsrud.
Pressa av vegen?
- Saka kan ikkje ende opp berre i eit forelegg, men må prøvast i rettsapparatet, seier Sopp Onsrud til Oppland Arbeiderblad. Han meiner det at ein person omkom vil ha noko å seie for straffutmålinga.
Bussjåføren har forklart at han møtte ein lastebil like før bussen kjørte i grøfta, men politiet har ikkje klart å spore opp føraren av lastebilen.