Dei meiner Nammo må finne andre områder for testing av ammunisjon, fordi Mjøsa er vasskilde for innbyggjarane rundt innsjøen.
Mykje avfall
Kvart år kan så mykje som 120 stål og 12 kilo aluminium hamne i Mjøsa som ei følgje av prøveskytinga.
- Vi meiner Nammo må finne andre områder for testinga. SFT har pålagt Nammå å søkje om utsleppsløyve, og det er no ei høyring om dette. Prøveskytinga har skjedd i over 30 år, og no bør den stoppe, heiter det i ei fråsegn frå Oppland Venstre.
Venstre syner til at det er påvist store mengder av ei rekkje skadelege stoffer i Mjøsa. Mellom anna PCB, dioksinar og bromerte flammehemmarar er påvist.
- Og vi må heller ikkje gløyme at prøveskytinga er støy for mange rundt i området, seier Oppland Venstre sitt årsmøte.