Anders Firing (26) vart torsdag meldt sakna av familien sin på Hadeland. Da hadde dei ikkje fått kontakt med han sidan den 4. juli.
Familien frykta at han hadde vore i London da terrorbombene råka byen torsdag, men nå viser det seg at han hadde reist frå den engelske hovudstaden da bombene gjekk av.
Familien letta
- Eg reiste til Brüssel onsdag og fekk ikkje vite at eg var meldt sakna før ein kamerat ringde meg fredag kveld, seier Firing til TV 2 Nettavisen.
30. juni reiste 26-åringen på interrail åleine, og fredag kveld kom han attende til Oslo S med toget. Familien hans er naturleg nok letta over at det står bra til med han.
- Eg prata med mor mi og fekk klar beskjed om at neste gong
eg var ute og reiste, skulle eg gje betre beskjed om kvar eg var, seier han.
Ambassaden jobba på spreng
Fredag jobba den norske ambassaden i London på spreng for å sjekke 26-åringen opp mot listene som dei britiske styresmaktene har utarbeidd over drepne og såra.
Etter kvart viste det seg at han ikkje sto på listene. Fredag ettermiddag vart det klart at det hadde vore rørsle på bankkontoen til Firing, noko som kunne tyde på at han var i god behold.