Det var naboen som torsdag formiddag oppdaga brannen hjå røykdykkaren.
I følgje Oppland Arbeiderblad si nettside hadde naboen sett store mengder røyk som kom frå huset til naboen.
Brannmannskap frå både Gran og Lunner rykka ut, i tillegg til politi og ambulanse.
Tomt hus
Lykkelegvis var det ikkje folk i huset da det tok fyr i eit av romma i kjellaren. Det vart så varmt i huset at eit kjellarglas sprakk, skriv OA.
Politifyrstebetent Olaf Haakenstad seier til avisa at dei vil gå inn i rommet og sjekke brannårsaken når det er avkjøla.
- Spesielt
Røykdykkaren flytta til huset for nokre få månadar sidan.
Haakenstad fortel at det var ei spesiell oppleving å rykke ut til ein brann i huset til ein i hjelpemannskapet.