Hopp til innhold

- Den nye tobakkslova er forkasteleg

Tobakkshandlar på Gjøvik må gøyme varene frå og med i dag.

tobakk

Frå og med i dag er det slutt på at tobakken kan stå framme i norske butikkar.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Frå og med i dag blir det slutt på at du kan sjå røyk, snus og andre tobakksvarer stå framme i bensinstasjonar og butikkar.

Ei ny lov er innført, og dermed skal ingen som kjem inn i ein butikk kunne sjå tobakksvarer av noko slag.

Les meir om den nye tobakkslova.

- Bortimot tragisk

Trygve Fremstad driv ein spesialforretning for tobakk på Gjøvik, og er egentleg unntatt frå lova. Men ettersom han også sel frukt og har tippekasse må han gøyme tobakken.

- Eg må vel skaffe meg ei gardin eller noko liknande som eg kan ta vekk når nokon spør etter ei pipe eller ein lighter.

- Kva tykkjer du om denne lova?

- Eg tykkjer den er forkasteleg, det er bortimot tragisk at det skal kome noko slikt, seier Trygve Fremstad.

Video nsps_upload_2010_1_1_12_59_56_2535.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Ser ryddigare ut

Like sterke er ikkje reaksjonane blant dei som jobbar på bensinstasjonane.

Marianne Jonsson

Marianne Jonsson på Shell meiner det ser ryddigare ut med dei nye reglane.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

- Eg tykkjer det er flott, det ser ryddigare ut. Vi har ikkje fått negative attendemeldinger frå kundene, seier Marianne Jonsson på Shell.

Statoil-forhandlar Trond Andreassen har kjøpt seg hyller for 5.000 kroner for å imøtekome den nye lova, men trur likevel ikkje at virkninga blir den heilt store.

- Eg trur ikkje dette kjem til å påverke dei som bruker tobakk.

Og snusaren Lars Vorkinn trur heller ikkje at nye reglar og usynleg tobakk vil føre til at han kuttar ut den daglege prisen.

- Det gjer det vanskelegare for dei som skal selje, men det er ikkje noko problem for meg. Enn så lenge snusar eg uansett.

Lars Vorkinn

Lars Vorkinn trur ikkje at dei nye reglane fører til at han sluttar å snuse - foreløpig.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK