Administrerande direktør ved Raufoss ASA, Leif Christian Salomonsen, stadfestar at dei vurderer oppseiingar og lønskutt blant dei tilsette.
- Saka er diskutert på generalforsamlinga, men det er ikkje gjort noko vedtak om ei slik løysing på den vanskelege økonomiske situasjonen i bedrifta, fortel Salomonsen.
Hovudtillitsvald i jern og metall ved Raufoss ASA, Arild Hagen, seier dei tilsette er opprørt over at bedrifta har diskutert nye runder med oppseiingar.