Trenar og sportsleg leiar i Raufoss Fotball, Dag Opjordsmoen, har god tru på opprykk til eliteserien for Raufoss.
Opjordsmoen seier at målet er å bli mellom dei tre fyrste laga i fyrstedivisjon når haustsesongen startar søndag.
Raufoss ligg nå på sjette plass i fyrstedivisjon, og spelar søndag mot Fredrikstad på bortebane.