Det syner rapporten om feilbombinga som vart offenleggjort i ettermiddag.
- Flygaren vurderte feil
Det var under ei øving at eit nederlandsk fly slepte ei bombe som trefte bakken berre 170 meter frå ei observasjonshytte der det var tre personar.
Flygeren bomma på målet med rundt 1,5 kilometer.
Hytta blir flytta
Ei eiga gruppe har vurdert kva som gjekk gale, og generalmajor og sjef for luftsstridskreftene i Norge, Arnvid Brage Løvbugten, seier dei har lært mykje av hendinga.
- Flygaren sikta på gale mål, og kom inn på feil kurs, seier Løvbugten.
Han legg til at været var vanskeleg den dagen.
Hytta på Hjerkinn blir nå flytta, og målet blir merka tydelegare, for at dette ikkje skal kunne skje fleire gonger.