Per N. Hagen er død

Tidlegare statssekretær og Tynset-ordførar Per N. Hagen døydde natt til laurdag, 73 år gammal.

Hagen døydde etter lengre tids sjukdom, opplyser Senterpartiet .

Politisk karriere

Per N. Hagen var blant anna kjent for tilknytinga si til den såkalla Hedmarksgeriljaen, ei radikal rørsle i Senterpartiet på 1970-tallet.

Hagen var statssekretær under kommunalminister Johan J. Jakobsen i 1989 til 1990, og seinare under Ragnhild Q. Haarstad i same departementet i Bondevik 1-regjeringa fra 1997 til 1999.

Han var ordførar i Tynset kommune frå 1972 til 1987. Hagen var også vararepresentant til Stortinget for Hedmark Sp frå 1977 til 1981. Per N. Hagen var dessutan leiar for Stortingets kontrollutvalg for etterretnings-, overvakings- og sikkerheitsteneste (EOS-utvalget) i perioden 1996-1997.