82 år gamle Kurt Hennestad er opprørt. Årsaka er at Østre Toten kommune har omorganisert organisasjonen.
- Nå må kommunen vise fram gevinsten ved omorganiseringa, krev Hennestad.
Frustrert
Snart har alle kommunar omorganisert seg. Nå er stort sett alle avdelingssjefar borte. Attende står velsmurte leiarteam som skal gjera kvardagen betre for deg og meg.
82 år gamle Kurt Hennestad er opprørt over omorganiseringa i Østre Toten kommune.
I Østre Toten kommune vart det ny organisasjon frå 1. august. Det frustrerer 82 år gamle Kurt Hennestad.
- Eg får ikkje greie på kva som ligg bak omorganiseringa, det er berre hemmelegheitskremmeri, seier Hennestad. Han undrar seg spesielt over om den nye organiseringa vil føre til fleire møter i kommunen.
- Noko å tene?
- Kven skal ein gå til med sakene sine? Det er ikkje lett å skjønne nå, klagar Hennestad.
- Det er viktig at dei kommunetilsette er der når ein treng der, seier Hennestad. Han er lei av at dei han skal ha tak i alltid sit i møter.
- Nå må dei vise kva det eigentleg er å tene på å omorganisere i det vide og det breie, seier Hennestad bestemt. Han undrar seg over om kommunane berre kastar seg på ei omorganiseringsbølgje.
Jon Helge Lesjø
- Mote å omorganisere
Østre Toten kommune har nå fem personar i ei leiargruppa, samt at det er leiarar for alle avdelingane i kommunen.
- Det er i hovudsak tre grunnar til at kommunane omorganiserar, forklarar samfunssforskar Jon Helge Lesjø.
- Det kjem nye krav frå innbyggjarane, det er eit økonomisk press om at kommunane skal koste mindre, og så er det ideologiske grunnar; at ein har ein visjon om dette blir meir effektivt, seier Lesjø.
- Omorganiseringar har også eit innslag av moter, og at konsulentar vil selje tenestene sine, meiner Lesjø.
Ingen motebølje
Østre Toten har ikkje kasta seg på ei motebølgje når kommunen nå omorganiserer, seier rådmann Per Kind.
Kind seier kommunen har gjort eit nøye forarbeid. Han lover at innbyggjarane i kommunen skal bli godt informert om den nye omorganiseringa.
Slik ser organisasjonskartet ut etter omorganiseringa. Foto: Østre Toten kommune.