– Eg må skjerpe meg litt ekstra når eg er heime att på Lillehammer. Det kjem både slektningar og kjentfolk å høyrer på, gliser OnklP, eller Pål Tøien om du vil.
Vi møter han under lydprøva på legendariske Felix på Lillehammer. Saman med "de fjerne slektningene" har OnklP kome med tre skiver på halvanna år, og fredag kveld er det heimefansen som skal få sitt.
Han kjem rett frå boksignering og radiointervju i heimbyen, og likar tydeleg alt oppstyret som er rundt han for tida.
– Har ikkje andre jobbar og interesser
Han innrømmer at all ny musikk han kjem med blir målt opp mot storsuksessen "Styggen på ryggen", som var melodien som for alvor gjorde han kjent i det breie lag av folket.
– Der trefte vi blink, og det er enorme mengder med folk som har høyrt den. Det har opna mange dører for oss, og da må vi berre utnytte dei moglegheitene vi får.
Nå turnerer OnklP og de fjerne slektningane over heile landet.
– Vi likar å produsere musikk og reise rundt og spele heile tida. Vi har ikkje andre jobbar og interesser, så da må vi berre dunke ut skiver og reise rundt.