Tal frå Norsk Tipping viser at kvar innbyggjar i Nordre Land spelte Lotto for 759 kroner kvar i fyrste halvår i år.
Det plasserer kommunen på Lotto- toppen.
Henning Vikersveen, dagleg leiar ved Sentrum Tips på Dokka, seier det er mange som leverer faste kupongar.
Han meiner også at mange spelarar frå Søndre Land og Etnedal gjer sitt til at resultatet blir så høgt.
Både Nord-Aurdal og Dovre er blant dei ti kommunane i landet der det blir spelt mest Lotto.