Hopp til innhold

Møtte kvit elg langs vegen

Tor Fredriksen var ute på biltur då han kjørte forbi eit uvanleg syn i skogkanten.

Elgen hadde ikkje hastverk då han spaserte langs vegen.

KVIT ELG: Tor Fredriksen fekk filma den kvite elgen, som ikkje hadde dårleg tid då han først kom til syne.

– Når vi fekk sjå han i augekroken, skjønte eg at det var noko spesielt, seier Tor Fredriksen frå Eidskog som var på tur over svenskegrensa i Värmland då ein kvit elg gjekk opp langs vegen.

– Eg køyrer vidare nokre 100 meter, men tenkjer nei, det her må eg stoppe opp for å sjå nærare på. Eg fryktar at han skal stikke av då eg ryggar attende, men det gjer han ikkje, han stod der framleis, seier Fredriksen.

Fredriksen fortel at elgen ikkje hadde spesielt hastverk, og gjekk til slutt ut i vegen kor han heldt fram ferda, noko som Eidskog-mannen fekk fanga på film.

– Ikkje vanleg

Ut i Naturen-reporter Kari Toft seier at det ikkje er spesielt vanleg å sjå kvite elgar.

– Det er veldig uvanleg i Noreg, noko meir vanleg over svenskegrensa, seier Toft.

Fargevariasjonar finst i dyrelivet, men heilt kvit er uvanleg.

– Alle dyr kan ha meir eller mindre uvanlege fargar i pels eller fjørdrakt. Eller viss dei er uvanleg lyse i fjørdrakta eller pelsen, men framleis har svarte auge, kan det handle om ein fargevariant eller ein fargemutasjon.

Ut i naturen

ELG: Ut i Naturen-reporter Kari Toft seier det er uvanleg å sjå kvit elg. Her med ein brun elg.

Foto: NRK

– Viss alt er kvitt, og han har raude auge er det snakk om albinisme, seier Toft. Ved albinisme har dyret få eller ingen fargepigment kalla melanin som gjer at pelsen blir kvit.

Albinogenet er arveleg, på same tid kan ei brun elgku få ein kvit elgkalv, så lenge ho er berar av genet.

– Du kan sei at det er ei lita stamme i grenseområda mellom Sverige og Norge.

– Kan ha nedsett syn

Toft seier at dersom det var ein albinoelg kan det vere at har nedsett syn og av den grunn ikkje såg bilane som stod like ved.

– Det var spesielt å sjå ein elg som var heilt kvit. Eg synst eg var heldig som fekk sjå så god tid til å sjå på han. Det var nesten som han var tam, seier Fredriksen.

Då får man tru det betyr lykke då?

– Ja, det får vi tru, seier Fredriksten