Hopp til innhold

Møter turistboom med katamaran til 20 millionar

Så mange vil gå Besseggen at båtselskapet som frakter fjellgåarane til Memurubu har investert i ein raskare og større båt for å få ned køane.

Ny Gjende-katamaran

INVESTERER: Harald Rune Øvstedal investerer i en ny katamaran til over 20 millionar for å få meire tilfredse passasjerar.

Foto: Even Lusæter / NRK

I 2016 frakta båtføraren på Gjende 61 000 fotturistar til foten av Besseggen. Det er dobbelt så mange som for fire år sidan. Nå bygger han ny båt for å få ned køane.

– Vi gjer dette fordi vi har ei veldig trafikkauke, og køane blir lenger og lenger, seier Øvstedal.

Fjellturismen har auka jamt dei siste åra, og sjølv om mannskapet på Gjendebåtane har køyrt i skytteltrafikk heile dagen, har dei ikkje greidd å halde tritt med den auka i trafikken.

– Vi måtte gjera noko for å klare å få meir tilfredse gjestar, seier gjendekapteinen.

61 000 passasjerar på 90 dagar

I fjor køyrde dei med to båtar, men den eldste frå 1982 gjekk for sakte til å ta unna eit aukande tal turistar.

– Med den nye båten vil vi få ein betre kvardag, og kanskje få tid til å ete litt mat midt på dagen, smiler Øvstedal.

Gjende

GJENDE: Gjende III ble endt sesong solgt og skal sommeren 2017 erstattes av en katamaran.

Foto: NRK

Rekordmange går Besseggen

Den nye passasjerferja er ein 21 meter lang katamaran med ein prislapp på godt over 20 millionar kroner.

Katamaran kan ta 97 passasjerar, og går dobbelt så fort som den gamle som tok 80. Men 20 millionar er ei stor investering for eit lite føretak.

– Eg håpar mange vil ut å gå på tur i sommar, ler Øvstedal.

Kø ved Gjendebåten

KØ: Turistane må vente på bygge ved Gjendeseheim for å komme ombord.

Foto: Thor Henning Lerstad / NRK

Bygger båten etter vegstandarden

Båten byggast hjå Maritime Partner i Ålesund og skal vera ferdig til 1. mai. Vidare må båten demonterast i tre delar som blir frakta til Lærdal på båt, før han skal fraktast vidare til Gjende med lastebil på smale vestlandsvegar.

– Sjølve skroget er 6 meter, så båten er bygd med tanke på at han skal transporterast dit han skal gå, seier Øvstedal.

Den førre båten som vart frakta opp, måtte delast på langs for å få han inn til Gjendesheim. Denne nye ferja er både lenger og breiare, men enda har ikkje det gått utover nattesøvnen.

– Eg søv godt om natta, enda. Det blir nok meir spennande ut i mai, vil eg tru.

Ny gjendebåt under bygging på Verftet Maritim Partner i Ålesund

BYGGAST: Ny gjendebåt under bygging på Verftet Maritime Partner i Ålesund

Foto: Even Lusæter / NRK

Fjerde generasjon båtførar

I sommar er det 110 år sidan Ole Øvstedal sjøsette den fyrste motorbåten på Gjende, ein trebåt som tok 28 passasjerar. Sidan har båtane gradvis vorte fornya.

Den fyrste gjendebåten

DEN FYSTE: Ole Øvstedal sjøsette den fyrste motorbåten på Gjende, ein trebåt som tok 28 passasjerar.

Foto: privat

Den nye katamaranen som blir sett i drift til sommaren, er den sjuande passasjerbåten til familien Øvstedal. Båten blir også den desidert dyraste i rekka, men det uroar ikkje Øvstedal.

– Eg har tru på reiselivet. Vi har ein fin natur rundt oss som gjer at folk kjem frå alle verdshjørnar for å gå Besseggen, så vi er heldige som har slik natur rundt oss.

Flere saker fra Innlandet