og Knut Sveen
Hamar Arbeiderblad skriv i dag at Ståle Solbakken har prata med Raufoss-spillerne Christian Johnsen og Jarl Andre Storbæk, med tanke på neste sesong.
- Kunne venta
Raufoss har solgt sju toppspelarar de tre siste åra, og Dag Opjordsmoen seier klubben er vant til å være attraktiv.
Men han meiner at naboklubben kunne ha venta. Sjøl kan han godt tenkje seg Ham-Kam-spelarar.
- Ja, Ham-Kam er eit godt fotballag med mange gode spelarar. Då skulle det berre mangle at vi ikkje kunne tenkje oss nokre spelarar derifrå, seier Opjordsmoen.
I motsetnad til Ham-Kam ynskjer ikkje Opjordsmoen å seie kven dei kan tenkje seg å ha med neste år.
- Det vil eg vente med, seier Opjordsmoen.
Solbakken tok kontakt
Trenar for Ham-Kam, Ståle Solbakken, seier til HA at det var han som tok kontakt med både Johnsen og Jarl André Storbæk.
Men truleg må Ham-Kam kome med eit godt tilbod viss Johnsen skal kome over frå vestsida av Mjøsa. Fleire eliteserieklubbar vil truleg ta kontakt med spissen frå Raufoss.
Johnsen kom til Raufoss frå Moss, men no vil truleg fleire eliteserieklubbar ta kontakt.
Christian Johnsen er ein ettertrakta fotballspelar.
Harde ord
Tilhøvet mellom Ham-Kam og Raufoss er ikkje av det beste, slik det skal vere mellom to naboklubbar som knivar i toppen av ein fotballdivisjon.
Trenarane på kvart lag har vore med på å byggje opp under striden mellom laga, og ikkje minst har nettsidene på supportarane hatt ein del innlegg mot den andre parten.