Opplysningane kjem fram i programmet Brennpunkt på NRK1 i kveld.
Bakgrunnen for saka er at ein av dei store gründarane i Lillehammer, Inge Burøy, i 1991 vart sett på sidelinja i det han opplevde som ein kuppliknande operasjon.
Sparebanken Nor sto sentralt i denne operasjonen. Livsverket som Burøy hadde bygd opp gjennom 20 år vart tatt frå han.
- Utnytta forbigåande krise
Burøy A/S var eit industrieventyr med midlertidige betalingsproblem, men likevel med god økonomi og leveringsavtaler i millionklassa.
Bedrifta laga rullestolar og delar til mekanisk industri. Inge Burøy meiner banken utnytta den forbigåande krisa ved å dra inn kredittar, og på den måten provosere fram ein konkurs.
- Eg kan ikkje hugse å ha sett noko konkursbu med så god økonomi, seier advokat Tore Johan Fossen i Gjøvik.
NRK Brennpunkt har engasjert Fossen til å gå gjennom reknskapene i selskapet.
Ikkje fått saka for retten
I Brennpunkt fortel Burøy kva dramatiske følgjer saka fekk for helsa og livskvaliteten hans – han vart arbeidsufør og uføretrygda. Burøy har i alle år prøvd å få saka si til vurdering i rettsapparatet, men har ikkje lykkast.
– Dei som går konkurs blir ofte fråtatt alle maktmiddel, dei får ikkje fri rettshjelp og blir offer for spelet til andre aktørar, seier Burøy sin advokat, Vegard Bøe Bahus.
Nå som Burøy går til sivilt søksmål, må han rekne med å møte innvendingar om at saka er forelda.
- Mykje av det han har tapt vil vera forelda, men ikkje alt, seier Bahus.
- Sanninga må på bordet
Privatetterforskar Tore Sandberg har vore engasjert av Inge Burøy sidan 1996.
- Det er ikkje rettsstaten verdig at dei har levd i den situasjonen dei har gjort i mange år, utan i realiteten å ha fått prøvd substansen i det som skjedde. Nå må sanninga på bordet, og den verkelege historia om det som skjedde må skrivast også i rettsleg samanheng, seier Sandberg.
Banken vil ikkje uttale seg om denne saka.
Nettmøte onsdag
Vil du vite meir om Burøy-konkursen, kan du sjå Brennpunkt i kveld klokka 2025.
Du kan også møte journalisten bak programmet, Dag Kessel og advokat Tore Johan Fossen i nettmøte onsdag mellom klokka 13.00 og 14.00.
Da står dei til disposisjon for spørsmål rundt programmet på nrk.no/brennpunkt.