Jevnakermannen må også ut med ein million kroner for ugjerninga. Det har Eidsvoll Tingrett bestemt.
Mannen innrømte hasjsmuglinga.
- Men dommen er altfor streng sidan han ikkje var hovudmannen bak smuglinga, seier advokat Ellen Holager Andenæs til Oppland Arbeiderblad. Ho legg til at dommen er anka.
Totalt 12 personar var tiltalt i narkosaka som vart etterforska av Vestoppland politidistrikt, men ingen fekk strengare straff enn Jevnakermannen.