Jevnaker Idrettsforening vil byggje ei kunstgrasbane med undervarme for over 7 millionar kroner.
- Treng støtte
Foreininga har søkt om støtte frå kommunen.
Det er også naudsynt med tippemidlar for å få til ei kunstgrasbane.
Idrettsforeninga ønskjer også å utvikle heile stadion for å få meir kapasitet.
Håpar kommunen bidreg
Leiar i i fotball- ungdomsgruppa i Jevnaker Idrettsforening, Roy Korneliussen, seier at prosjektet krev velvilje frå kommunen for å få tippemidlar.
- Fyrst vil vi lage ei kunstgrasbane med undervarme for å auke kapasiteten til stadionen, seier Korneliussen.
Han håpar kommunen vil kjøpe noko areal rundt bana, men seier dei ikkje har fått positiv respons frå kommunen førebels.
(Illustrasjonsfoto)