Hopp til innhold

To millionar ekstra til Reinheimen

Laurdag blir Reinheimen nasjonalpark opna. Samtidig varslar regjeringa at kommunane som blir berørte, får to millionar kroner ekstra til lokal forvaltning.

 

Reinheimen
Foto: Arvid Torsgard / NRK

Dette er ei gledeleg melding for lokale politikarar. Det kommunale kontaktutvalet for Reinheimen har uttrykt sterk misnøye med at kommunane som har fjellområde i nasjonalparken, har fått for lite pengar.

- Dei ekstra millionane inneber ei langt betre finansiering av den lokale forvaltninga, sier ordførar i Lom, Simen Bjørgen.

 - Det opnar for ein modell som har større sjansar for å lykkast, meiner han.

Politisk påverknad

Kontaktutvalet for Reinheimen har peikt på ulike modellar for ei best mogleg lokal forvaltning, men hittil har det vorte løyvd berre småpengar til dette, seier ordførar i Lom, Simen Bjørgen.

- Vi har derfor prøvd å påverke politiske kontaktar i regjering og Storting, og dette har nå ført fram, seier han.

Klart for opning

Med Reinheimen har Noreg fått sin 33. nasjonalpark. den nye parken er større enn Vestfolk fylke i utstrekning og har areal i dei fire Nord-Gudbrandsdalskommunane Skjåk, Lom, Vågå og Lesja, og dessutan i to kommunar i Møre og Romsdal.

Den offisielle opninga begynner i Skjåk, fordi Skjåk er blant kommunane som er mest berørt, og fordi dette er den første nasjonalparken innafor kommunegrensa.

Hovudarrangementet startar klokka 11 ved det gamle ysteriet på Billingen. Miljøvernminister Helen Bjørnøy vil vera til stades ved opninga. Utpå ettermiddagen blir det ei markering i Lesja.